Eidet Skule
Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule? Vi søkjer etter to lærarar til 100% vikariatstilling resten av skuleåret 2026-2027 med ønskje om oppstart snarast råd etter tilsetjing. Stillingane vil vere på mellomtrinnet og ungdsomstrinnet. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå 1. til 10. trinn. Visjonen til skulen er; "Eigne steg, felles veg". Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen. Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet…
Fersiwn fyrrach o'r rhestriad yw hon. Darllenwch y rhestriad llawn ar EURES
Daw'r rhestriad hwn o EURES. Nid yw InkludX wedi gwirio arferion cynhwysiant y cyflogwr hwn, felly gwiriwch y manylion gyda'r cyflogwr cyn gwneud cais.