Riksrevisjonen
Ein sentral del av Riksrevisjonens samfunnsoppdrag er å undersøkje om statsforvaltninga gjennomfører Stortingets vedtak på ein effektiv og målretta måte. Gjennom forvaltningsrevisjonar vurderer vi korleis statlege ressursar blir brukte, om departement og verksemder når måla Stortinget har sett, og om tiltaka som blir gjennomførte gir dei ønskte resultata. Rapportane våre gir Stortinget eit viktig grunnlag for å følgje opp forvaltninga på alle sentrale samfunnsområde. Du vil bli ein del av ein av to avdelingar for forvaltningsrevisjon, som med om lag 100 tilsette er eit av Noregs største fagmiljø innan utgreiing og analyse. Avdelinga består av medarbeidarar med brei og tverrfagleg kompetanse, og Riksrevisjonen har ein unik tilgang til data og kunnskapsgrunnlag. Som forvaltningsrevisor får du høve til å arbeide med komplekse og samfunnsviktige problemstillingar i tverrfaglege team. Du vil bidra til analysar og rapportar som gir Stortinget grunnlag for å vurdere resultata og måloppnåinga…
Esta es una versión resumida de la oferta. Leer la oferta completa en EURES
Esta oferta proviene de EURES. InkludX no ha verificado las prácticas de inclusión de este empleador, por lo que te recomendamos confirmar los detalles con el empleador antes de postularte.