Loading...
ROSSELAND SKULE
På Rosseland skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Hos oss er både elevar og tilsette på landslaget - Rosselandslaget! Saman skapar me den gode skulen, der målsettinga er at kvart barn skal ha framgang i si læring og utvikling. For å få dette til, er me på jakt etter deg som likar å spela på lag, og som kan sjå og møta den enkelte eleven eller tilsette som ein aktiv medspelar. Kanskje er du open for ein "overgang" til oss på Rosselandslaget? Kanskje har du gjort noko anna enn å jobba i skulen ei stund, men lengtar tilbake til det pulserande livet på ein moderne og stor barneskule? Kanskje er du på flyttefot til Jæren, eller Sør-Rogaland? Kanskje er du ein nyutdanna og framoverlent person som er på jakt etter draumejobben? Me er opptatt av å få tak i kvalifiserte lærarar til alle stillingane. Me har eit ungt personale, og no er det fleire som ventar "smått"! Difor leiter me etter deg med godkjent lærarutdanning, som har lyst til å bli med oss på Rosselandslaget.
This listing is sourced from eures and surfaced by InkludX because it contains inclusion-relevant signals. We cannot independently verify the inclusion practices of every externally sourced employer.
Get the latest on inclusive employment.
Follow us on LinkedIn
Daily inclusive hiring news and updates
© 2026 InkludX. All rights reserved.
Made with purpose for inclusive employment.