Statsforvalterens fellestjenester
Vil du vere med å forme framtidas digitale tenester for offentleg sektor? Kvar dag bruker innbyggjarar, kommunar og offentleg tilsette digitale tenester som påverkar viktige prosessar i samfunnet. No søkjer vi ein erfaren UX-/interaksjonsdesignar som vil vere med å skape betre brukaropplevingar, enklare arbeidsprosessar og meir samanhengande digitale tenester. I Statsforvaltarens fellestenester (STAF) utviklar vi digitale fellesløysingar for alle dei ti statsforvaltarane i landet. Vi ser etter deg som brenn for brukarsentrert design, som trivst i tverrfaglege team, og som ønskjer å gjere komplekse problem enkle å forstå og bruke. Dette engasjementet gir deg høve til å arbeide med heile designprosessen, frå innsikt og brukartesting til prototypar og ferdige løysingar. Du vil samarbeide tett med utviklarar, arkitektar, prosjektleiarar og fagressursar, og få høve til å påverke utviklinga av sentrale digitale tenester for offentleg sektor. Stillinga er eit 12 månaders engasjement. Arbeidsstad er i Bergen eller Leikanger. Arbeidsstad i Oslo kan vurderast. Hos oss vert du del av eit utviklingsorientert og inkluderande miljø. Det er låg terskel for å dele tankar og idear og du vil få stor…
Dette er en forkortet versjon av annonsen. Les hele annonsen på NAV
Denne annonsen kommer fra NAV. InkludX har ikke verifisert denne arbeidsgiverens inkluderingspraksis, så sjekk detaljene med arbeidsgiveren før du søker.